Arctic Umiaq Line | |||
| |||
Org.form | Aktieselskab | ||
---|---|---|---|
CVR‑nummer | 12334656 | ||
Bransje | Reiarlag | ||
Skipa | 2006 | ||
Morselskap | Air Greenland | ||
Hovudkontor | Nuuk, Nuuk | ||
Land | Grønland | ||
Nettstad | http://www.aul.gl/, https://visitgreenland.com/providers/arctic-umiaq-line/ |
Arctic Umiaq Line A/S eller Arctic Umiaq (AUL) er eit passasjar- og fraktereiarlag på Grønland. Det blei grunnlagt i 1774 under namnet Den Kongelige Grønlandske Handel.[1][2] Reiarlaget har eit skip på ruta Ilulissat-Narsaq langs den vestlege og sørvestlege kysten av Grønland. AUL er 100 % eigd av Royal Arctic Line.[3] Namnet på føretaket er avleidd av det grønlandske ordet for ein tradisjonell inuittbåt, umiaq. Arctic Umiaq-transport via havet er ei livline for heile det vestlege Grønland.[4]
Det einaste aktive skip er MS «Sarfaq Ittuk», som blei bygd i 1992 og renovert og opgraderet i 2000.[5]
M/S «Sarpik Ittuk», som segla til Diskobukta og Uummannaq, blei selt til Nova Cruising, eit reiarlag frå Bahamas, i 2006.[6]
Seglasen mellom byane tek mellom 10 til 2 timar. Det er ein heil dags opphald i Nuuk (fredag 07:30–21:00) på den nordgåande reisa og 2-3 timars opphald i Sisimiut under den sør- eller nordgåande reisa.[7]