Aril Edvardsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. november 1938 Kvinesdal kommune |
Død |
6. september 2008 (69 år) |
Yrke | misjonær, predikant |
Religion | Pinserørsla |
Aril Edvardsen på Commons |
Aril Snorre Edvardsen (15. november 1938–6. september 2008)[1] var ein norsk predikant, evangelist, pinseven og leiar av misjonsstiftinga Troens Bevis Verdens Evangelisering som han stifta i 1965.
I ungdomsåra var han formann i det lokale AUF, og han spelte til dans som lokal countrysongar. Han gifta seg 17 år gamal med Kari, som han hadde gått i klasse med. Like etter ei radikale omvending i 1956, byrja Edvardsen sin søken etter apostolisk kristenliv, slik han fann dette presentert i Bibelen.
Edvardsen døydde den 6. september 2008 under ei reise til Mombasa i Kenya. Han vart 69 år gamal.