Arild Monsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. april 1962 (62 år) Molde kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Ski-VM 1985 |
Arild Monsen (fødd 5. april 1962) er ein tidlegare norsk langrennar, og no til dags langrennstrenar. Under Ski-VM 1985 i Seefeld vart han verdsmeister i 4x10 km stafett saman med Pål Gunnar Mikkelsplass, Tor Håkon Holte og Ove Aunli. I same meisterskapen vart han nr 7 på 15-kilometeren. Han kom aldri på sigerspallen i verdscuprenn, tre gonger enda han på fjerdeplass. Han vart noregsmeister ein gong (1987). Monsen var på det norske landslaget i perioden 1982–1990. Han er oppvaksen i Molde.
Monsen arbeidde i smørjeteamet til det norske langrennslandslaget frå 1993 til 1997. Frå 1997 til 2006 var han internasjonal teknisk delegat til verdscuprenn i langrenn. Sidan 2006 har han vore langrennstrenar, først to år for Team Trøndelag. I april 2008 vart han tilsett som trenar for Canadas langrennslandslag.