Arkitekten Henrik Bull | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. mars 1864 Christiania |
Død | |
Yrke | arkitekt |
Far | Georg Andreas Bull |
Mor | Emilie Constance Hjelm |
Ektefelle | Mette Bull |
Arkitekten Henrik Bull på Commons |
Henrik Bull (28. mars 1864–2. juni 1953) var ein norsk arkitekt fødd i Oslo. Byggjestilen hans var påverka av jugendstilen men hadde òg nasjonalromantiske trekk. Bull var «landets fremste arkitekt» i tiåra kring 1900.[1]
Henrik Bull var fødd i Christiania som son av stadskonduktøren og arkitekten Georg Andreas Bull (1829–1917) og Emilie Constance Hjelm (1832–1926).[1]
Han var utdanna ved Kristiania tekniske skole og Den kongelige Tegneskole før han fullførte arkitektstudiane sine med tre år ved Königliche Technische Hochschule i Berlin.
Han gifta seg i 1905 med skodespelaren Mette Marie Berntsen.[2]
Bull gjorde seg først kjend som kyrkjearkitekt. Han stod for Pauluskyrkja på Grünerløkka og den nye kyrkja i Uvdal. Seinare fekk han dei ærefulle oppdraga å teikna Nationaltheatret, Historisk Museum og Regjeringsbygget, som i dag husar Finansdepartementet. For Regjeringsbygningen fekk han Houens fonds diplom.
Henrik Bull var også formgjevar. Han gav mellom anna form til Lohengrin sjokolade.[3] Han utforma også møblar, og fekk gullmedalje for desse på Verdsutstillinga i Paris i 1900.[2]
Frå 1908 var Bull lærar ved Den kgl. Tegneskole, seinare Statens håndverks- og kunstindustriskole.[2] Frå 1912 til 1934 var han direktør same staden.[3] I 1914 var han bygningssjef for Norges Jubilæumsutstilling i Kristiania.[2]
Han var også aktiv innan kulturminnevern.[3] Etter å ha blitt pensjonert utførte han ei rekkje oppmålingar for Forening til norske Fortidsminners Bevaring.[2]
Bull teikna blant anna følgjande bygningar i Oslo (i kronologisk rekkefølgje etter oppføringsår):