Arne B. Mollén | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. mai 1913 Göteborg |
Død | 4. juni 2000 (87 år) Oslo |
Utmerkingar | Den olympiske orden, Fearnleys olympiske ærespris, NIVs Ærespris |
Arne B. Mollén (1913–2000) var ein norsk idrettsleiar. Han var president i Norges Fri-idrettsforbund frå 1952 til 1955, og vart seinare leiar for Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité i seksten år, frå 1969 til 1985. Han hadde då vore viseformann frå 1965.
Mollén vart tildelt Den olympiske orden av Den internasjonale olympiske komité i 1989. I 1991 vart hantildelt Fearnleys olympiske ærespris som fyrste idrettsleiar.