Arne Lindtner Næss | |||
Fødd | 19. desember 1944 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bergen | ||
Verka som | skodespelar, filmregissør, manusforfattar, filmskodespelar, TV-produsent, fjernsynsskodespelar | ||
Mor | Randi Lindtner Næss | ||
Born | Peder Hamdahl Næss |
Arne Birger Lindtner Næss (fødd 19. desember 1944) er ein norsk filmskodespelar, -regissør, -produsent og manusforfattar.
Arne Lindtner Næss er utdanna skodespelar og filmdebuterte allereie i 1969 i Brent jord. Han har opptrådt på nær alle teater i Noreg, og er framleis aktiv. I moderne tid er han kanskje mest kjend ifrå dramaseriane Familiesagaen De syv søstre og Venner og fiender på TV 2.
Frå 1985 tok han til å også regissera, produsera og skriva manus for filmar, noko det også må seiast han har lukkast med. I desse jobbane har han vorte særleg kjend for regisseringa av filmane om Olsenbanden junior, samt familiefilmen Venner for livet frå 2005. Arne Lindtner Næss vann Amandaprisen for 2005 i klassen Beste barne- og ungdomsfilm med Venner for livet.
Dei siste prosjekta til Lindtner Næss er filmen Blåfjell 2 - Jakten på det magiske horn samt den komande fjernsynsserien Esefo-kidza.
Arne Lindtner Næss er far til filmregissøren Peder Hamdahl Næss.