Arnold Bode | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 23. desember 1900 Kassel |
Død |
3. oktober 1977 (76 år) |
Yrke | kunstmålar, universitetslærar, arkitekt, lærar, kurator, designar, kurator |
Språk | tysk |
Politisk parti | Sozialdemokratische Partei Deutschlands |
Arnold Bode på Commons |
Arnold Bode (20. desember 1900–3. oktober 1977) var ein tysk kunstmålar, arkitekt, formgjevar og kurator som er namngjeten for å ha skipa documenta, den store og internasjonalt viktige mønstringa av samtidskunst som går føre seg i Kassel i Tyskland kvart femte år.
Arnold Bode vart fødd i Kassel. I 1919 tok han til med studium i måleri og grafikk på akademiet i Kassel som elev av målarane Kurt Witte og Ewald Dülberg, og avla i 1924 den statlege eksamenen som teiknelærar. Han studerte i Berlin og Paris i 1925. Etter å ha vore engasjert i organiseringa av dei internasjonale utstillingane i Orangerie Kassel (1922, 1925 og 1927), flytta han i 1928 til Berlin, og arbeidde som kunstmålar og som lærar. Saman med si hustru, Marie Louise, kom han inn i krinsen av kunstnarar og forfattarar kring Bertolt Brecht og Teo Otto (Theo Otto). Men i 1933 vart han tvungen til å reise frå byen etter at dei nazistiske styresmaktene hadde nekta han å utøve yrket sitt under det forbodet mot entarteten Kunst («den degenererte kunsten») som rei Tyskland som ei mare i dei tidene.
I byrjinga av den andre verdskrigen vart Arnold Bode innkalla som soldat, men unngjekk aktiv soldatteneste ved å ta på seg oppdrag som målar og mellom anna utsmykke offisersheimar med veggmåleri. Han kunne flytte til Alsace i Aust-Frankrike, der kvardagen var friare, og fekk der høve til å vitje ymse kunstutstillingar, mellom anna utstillingar med kunst av Pablo Picasso. Tida i Alsace kom til å prege Arnold Bode mykje, og det var her han fekk ideane og la planane til documenta.
I 1945 reise familien Bode attende til Kassel. Her skipa han i 1955 den fyrste documenta-utstillinga, som uventa vart ein stor suksess. Utstillinga gav eit breitt oversyn over kunsten i det 20. hundreåret, og utmerka seg ved at store areal vart teke i bruk for å kunne presentere verka på eit nytt vis. Arnold Bode var òg leiaren for dei tre neste documenta-utstillingane, som snøgt hadde etablert seg som ei viktige mønstring av internasjonal samtidskunst, og framleis har ei framifrå posisjon i kunstverda, omtala som «museum på 100 dagar».
Arnold Bode fekk i 1974 den tyske utmerkinga großes Verdienstkreuz (det vil seie ein av gradane av Verdienstorden der Bundesrepublik Deutschland, Forbundsrepublikken Tysklands fortenestorden.)