Arpent er ei eldre måleining for areal og skulle svara til det ein kunne pløye på éin dag. I Frankrike var 1 arpent = 0,342 hektar og i Sveits 0,36 hektar.
Ordet er fransk og kjem av det seinlatinske arivpendium, som tyder «jordmål».