Arsenjevka | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 7 060 km² | ||
Lengd | 294 km | ||
Kjelde | Sikhote-Alin | ||
Munning | Ussuri | ||
Arsenjevka 43°58′41″N 133°06′32″E / 43.978°N 133.109°E | |||
Wikimedia Commons: Arsenyevka River |
Arsenjevka (russisk Арсе́ньевка) er ei elv i Primorskij kraj i Russland og ei av sideelvane til Ussuri frå venstre. Elva er 294 km lang og har eit nedslagsfelt på 7 060 km². Elva har eit totalt fall på 714 meter.
Elva spring ut frå sørvestsida av fjellet Sikhote-Alin der elvane Dalnij og Zolotoj renn saman. Frå her renn ho hovudsakleg nordaustover gjennom ein brei dal. Ho munnar ut i Ussuri nær landsbyen Beltsovo.