Arvid Nilssen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. desember 1913 Alvdal |
Død | |
Yrke | skodespelar, songar |
Arvid Nilssen på Commons |
Arvid Nilssen (fødd 25. desember 1913 i Alvdal, død 24. mars 1976) var ein norsk revy-skodespelar.
Han debuterte i 1935 ved Scala Teater og var med korte avbrot knytt til Chat Noir og Edderkoppen. Han debuterte på film med Bør Børson jr og hadde seinare biroller i fleire norske filmar.
I dag blir Arvid Nilssen kanskje best hugsa for rolla som den umælande mannen til Kari Diesen i sketsjen «Uteliggerne» (skriven av Bias Bernhoft og Bjørn Sand). NRK har ved fleire høve sendt dette nummeret der Nilssen utfaldar seg i nokre av sine spesialitetar, ein helt særeigen mimikk og framstilling av dei små i samfunnet gjort med eit snev av tragedie og melankoli.