Asbolan

Asbolan er ei tidlegare nemning på ei jordaktig blanding av vasshaldige oksid av mangan og kobolt som er vorte utfelt på einskilde kisførekomstar. Han vert broten som kobolterts på Ny-Caledonia og i Zaïre. Asbolan vart i 1980 redefinert som eit eige mineral, eit komplisert samansett kobolt-nikkel-mangan-hydroksid.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Asbolan