Ashes to Ashes

Ashes to Ashes
Singel av David Bowie
frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps)
B-side

Move On

Språk engelsk
Utgjeve 1. august 1980
Innspelt Power Station, New York, februar 1980
Good Earth, London, april 1980
Sjanger
Lengd 3:35 (singel)
4:23 (album)
Selskap RCA Records
BOW 6
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
«Crystal Japan»
(1980)
Ashes to Ashes «Fashion»
(1980)


«Ashes to Ashes» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet Scary Monsters (and Super Creeps) i 1980 og vart den andre førsteplassen til Bowie i Storbritannia. I tillegg til den musikalske kvaliteten er songen kjend for den nyskapande musikkvideoen, regissert av Bowie og David Mallet, og var på den tida den dyraste musikkvideoen som var laga til då.

Teksten omhandlar på ny karakteren Major Tom frå den tidlegare Bowie-songen «Space Oddity», som han igjen refererte til i 1995 på songen «Hallo Spaceboy» og i 2015 med «Blackstar». Songen har nyskapande lagdelt gitarsynth framført av Chuck Hammer. Melodien i songen vart remiksa i 2013 på singelen hans «Love Is Lost». Den originale tittelen på songen var «People Are Turning to Gold».[3]

I eit intervju i 1980 skildra Bowie songen som «eit barnerim for 1980-åra. Eg trur barnerima i 1980-åra kjem til å bli som barnerima frå 1880- og 1890-åra som alle var heller fryktelege og hadde små gutar som fekk øyro skorne av og slikt.»[4] Fleire år seinare har Bowie sagt at med «Ashes to Ashes» «oppsummerte eg verkeleg 70-talet for meg sjølv, og det ser ut til å vere ein god nok epitaf for det».[5][6]

AllMusic-kritikaren Dave Thompson skildra songen og den tilhøyrande videoen som «ei særs medviten erkjenning av det då gryande New Romantic-miljøet.»[7] Han vart rangert som den femte beste singelen i 1980 av NME.[8]

Musikk og tekst

[endre | endre wikiteksten]

Musikkstilen på «Ashes to Ashes» er blitt skildra som kunstrock og new wave.[1][2] Songen er kjend for ein delikat gitar synth-strykarlyd, med ein hardkanta funkbass som kontrapunkt, og kompleks lag med vokal. Den korliknande teksturen og temaet vart skapt av gitaristen Chuck Hammer med ein firespors gitarsynthesizer, kvar spelt med vide, intervallakkordar, som vart underbygd av Bowie sin uttrykkslause korvokal.[9] Det rytmiske akkordtemaet kom frå ein gitarsynthkomposisjon av Chuck Hammer. Resultatet er blitt skildra som «ein av dei beste studioinnspelingane til Bowie».[10] Frasen «ashes to ashes» («oske til oske») kjem frå den kristne Book of Common Prayer.[11]

Songen er melankolsk og sjølvgranskande og Bowie tolkar på ny ein «a guy that's been in such an early song» («ein fyr frå ein så gammal song»), nemleg Major Tom frå den første hitten hans frå 1969, «Space Oddity». Det er sagt at songen «inneheld fleire meldingar per sekund» enn nokon annan singel frå 1980,[12] men han inneheld òg enkle refleksjonar om moralen og den kunstnariske reisa til songaren:

I've never done good things
I've never done bad things
I never did anything out of the blue

I staden for ein hippie-astronaut som slappar av mellom stjernene, borte frå den krasse og materielle verda, skildrar songen Major Tom som ein «junkie, strung out in heaven's high, hitting an all-time low» (ein narkoman, oppe på himmelen, som når tidenes lågpunkt). Denne teksten vart tolka som eit ordspel på tittelen på Bowie-albumet frå 1977, Low, som omhandla korleis Bowie trekte seg inn i seg sjølv under narkotikamisbruken sin i Amerika kort tid før.[12]

Dei siste linjene, «My mother said, to get things done, you better not mess with Major Tom», har vorte samanlikna med versa frå eit barnerim:[13]

My mother said
That I never should
Play with the gypsies in the wood

Bowie sjølv sa i eit intervju med NME kort tid etter singelen kom ut, «det er faktisk ein ode til barndommen, om du vil, eit populært barnerim. Han handlar om rom-menn som vert narkomane (ler).»[14]

«Ashes to Ashes» nådde 4. plass i Storbritannia den første veka han kom ut og klatra heilt til topps veka etter. Dette var den raskast seljande Bowie-singelen til då.[13] Han vart gjeven ut med tre forskjellige omslag. Dei første 100 000 eksemplara kom med eitt av fire frimerkesett, alle med Bowie ikledd Pierrot-kostymet han hadd ei musikkvideoen til songen.[15] B-sida, «Move On», var ein song frå det førre albumet, Lodger (1979). På den amerikanske utgåva av singelen var det «It's No Game (No. 1)» som var B-side. I USA nådde singelen 79. plassen på Cash Box Top 100-lista og 101. plassen på Billboard Bubbling Under the Hot 100-lista.[16]

Deanne Pearson skreiv i Smash Hits at «det var eit rart val for ein singel» og «burde ha blitt verande midt på albumet», og konkluderte med at singelen «ikkje var ein hit».[17] Billboard Magazine sa at «stramme rockerytmar la grunnlaget for ein nyanserik melodi» og at songen kombinerer «rock og danserytmar.»[18]

Musikkvideo

[endre | endre wikiteksten]

Videoen til «Ashes to Ashes», regissert av Bowie og David Mallet, var ein av dei mest ikoniske i 1980-åra. Han kosta 250 000 britiske pund og var på den tida den dyraste musikkvideoen som var laga til då.[13] Han nytta scenar både i solariserte fargar (hjelpt av ein nyskapande Quantel Paintbox-teknikk) og i naken svart-kvitt, med Bowie i det prangande Pierrot-kostymet som var den dominerande visuelle representasjonen frå Scary Monsters-fasen hans. Med i videoen var òg Steve Strange og andre Blitz Kids - deltakarar på tirsdagskveldane til nattklubben Blitz i London - som Judith Franklin, som designa klede for videoane til Strange's Visage[19] og Darla Jane Gilroy, føregangarar (og seinare deltakarar i) New Romantic-miljøet som var kraftig påverka av musikken og stilen til Bowie.[13][20] Kompleksiteten og den høge produksjonskostnaden av «Ashes to Ashes» gjer han til ein av dei viktigaste i utviklinga av musikkvideoen.

Bowie skildrar scenen av han sjølv og Blitz-ungdomen som marsjerer mot kamera føre ein bulldosar som eit symbol på «komande vald»[21] Sjølv om det ser ut til at to av ungdommane bukkar no og då, så prøvde dei faktisk å trekkje kjolane sine bort frå bulldosaren slik at dei ikkje vart fanga.[20] Scenane av songaren i romdrakta og andre scenar som viser han låst i det som ser ut til å vere eit polstra rom, var begge referansar til Major Tom og Bowie si nye sørgjelege tolking av han. I motsetnad til det mange trudde, er ikkje den eldre kvinna som skjenner på Bowie den verkelege mora hans.[22]

Lesarane av Record Mirror kåra «Ashes to Ashes» og den neste singelen til Bowie, «Fashion», til dei beste musikkvideoane i 1980.[23] Videoen vart filma i Pett Level i East Sussex, ti kilometer aust for Hastings.[24]

MTV rangerte musikkvideoen til den 58. beste musikkvideoen gjennom tidene i 1999.[25]

Kulissane frå musikkvideoen vart òg nytta for songen «Space Oddity» på The Kenny Everett Show i 1979.[26]

Bowie brukte seinare same metoden for å setje videoen saman for videoen hans for «Day-In Day-Out» i 1987. Om den videoen sa han «eg byrja å arbeide på den måten på 'Ashes to Ashes' med David Mallet. Det var det første verkeleg store forsøket mitt og det vann prisar på den tida for den ny emåten å lage videoar på.»[27]

Alle songane skrivne av David Bowie.[28]

  1. «Ashes to Ashes» – 3:34
  2. «Move On» – 3:16

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1980–1981) Plassering
Australia (Kent Music Report)[30] 3
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[31] 6
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[32] 15
Canada RPM Top Singles[33] 35
Irish Singles Chart[34] 4
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[35] 11
Nederland (Mega Single Top 100)[36] 15
New Zealand (RIANZ)[37] 6
Noreg (VG-lista)[38] 3
Sverige (Sverigetopplistan)[39] 6
Sveits (Schweizer Hitparade)[40] 11
UK (Official Charts Company)[41] 1
US Billboard Bubbling Under the Hot 100[16] 101
US Billboard Disco Top 100[42] 21
US Cash Box Top 100 Singles[16] 79
Tyskland (Media Control AG)[43] 9
Liste (2016) Plassering
Frankrike (SNEP)[44] 14

Alternative versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Det har lenge vore rykte om ein lengre versjon av songen, visstnok 13 minuttar lang med ekstra vers, ein lengre uttoning og ein synthesizersolo.[45] Ein versjon som var 12:55 lang kom ut på piratkopialbumet From a Phoenix... The Ashes Shall Rise men var falsk, og repeterte berre solopartiet i songen.[46] På liknande vis var ein 11:44 lang versjon av songen på piratkopialbum som Glamour, Vampires of the Human Flesh og Monsters to Ashes igjen berre den originale versjonen med ulike segment repetert og i sløyfer.

I august 2020 sa produsenten Tony Visconti at han ikkje var klar over nokre andre versjonar av songen, og sa at det ikkje vart spelt inn ekstra vers.[47]

Konsertversjonar

[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]

I populærkulturen

[endre | endre wikiteksten]

Oppfølgjaren frå 2008 til BBC TV-serien Life on Mars frå 2006 vart kalla Ashes to Ashes. Serien handla frå 1973 til 1981 og manusforfattarane meinte det var årets store Bowie-song det året.[49] Dei lånte òg det kjende Pierrot-kostymet frå videoen som ein del av det visuelle designet i serien.[50] I finalen til den første serien går ei bilbombe av akkurat under linja «One flash of light».

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Lynch, Joe (18. august 2021). «10 Brilliantly Bizarre David Bowie Videos». Billboard. Henta 6. august 2016. 
  2. 2,0 2,1 Comer, M. Tye (15. mai 2000). «Pop Artificielle – LB». CMJ 62 (666). 
  3. David Currie, red. (1985). David Bowie: The Starzone Interviews. England: Omnibus Press. ISBN 0-7119-0685-8. 
  4. «David Bowie – Scary Monsters Interview, PART 1 (12« Promo, 1980)». YouTube. Henta 29. mars 2014. 
  5. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.29–31
  6. Pegg 2011, s. 29.
  7. Thompson, Dave. «David Bowie – Ashes to Ashes». AllMusic. Henta 6. februar 2016. 
  8. «Rocklist.net...NME End Of Year Lists 1980...». www.rocklistmusic.co.uk. Henta 10. mars 2018. 
  9. Chris Welch (1999). David Bowie: We Could Be Heroes: p. 136
  10. Chris O'Leary (2019). Ashes to Ashes: The Songs of David Bowie, 1976–2016: p. 159
  11. «God Talk». 
  12. 12,0 12,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.109–116
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 David Buckley (1999). Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story: s.366–369
  14. Angus MacKinnon (1980). "The Future Isn't What It Used to Be". NME (13 September 1980): s.37
  15. 15,0 15,1 Scary Monsters at BowieGoldenYears, arkivert frå originalen 23. januar 2009, henta 9. mai 2011 
  16. 16,0 16,1 16,2 Whitburn, Joel (2015). The Comparison Book. Menonomee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 57. ISBN 978-0-89820-213-7. 
  17. Pearson, Deanne (7. august 1980). «Reviews – Singles (David Bowie – 'Ashes to Ashes')». Smash Hits 2 (16): 27. 
  18. «Top Single Picks» (PDF). Billboard Magazine. 13. september 1980. s. 70. Henta 8. juli 2020. 
  19. «Balenciaga Hears The Sound of Music» Arkivert 22. september 2020 ved Wayback Machine., The Swelle Life, 22. februar 2011
  20. 20,0 20,1 Steve Strange at The Blitz Kids, arkivert frå originalen 21. oktober 2009, henta 25. oktober 2009 
  21. Steve Malins (2007). "Meeting the New Romantics", MOJO 60 Years of Bowie: s.78
  22. Pegg 2011, s. 30.
  23. Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.75–76
  24. O’Leary, Chris (11. juni 2020). «The Shore at Pett Level». BowieSongs. Henta 2. juli 2020. 
  25. «100 Greatest Music Videos Ever Made». MTV. Henta 31. august 2021. 
  26. «David Bowie and Kenny Everetts Space Oddity». MOJO. Henta 31. august 2021. 
  27. «Dave In, Dave Out». Music & Sound Output Magazine. June 1987. 
  28. «Ashes to Ashes» (Single liner notes). David Bowie. UK: RCA Records. 1980. BOW 6/PB 9575. 
  29. «Chuck Hammer». 4. april 2017. Arkivert frå originalen 31. oktober 2017. Henta 31. oktober 2017. 
  30. Danyel Smith, red. (1980). «Billboard 25 october 1980». Billboard (Nielsen Business Media, Inc.). ISSN 0006-2510. Henta 31. august 2021. 
  31. "David Bowie – Ashes To Ashes – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  32. "Ultratop.be – David Bowie – Ashes To Ashes" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  33. «Ashes to ashes in Canadian Top Singles Chart». Library and Archives Canada. Henta 31. august 2021. 
  34. «Ashes to ashes in Irish Chart». IRMA. Arkivert frå originalen 9. juni 2009. Henta 31. august 2021.  3rd result when searching «Ashes to ashes»
  35. "Nederlandse Top 40 – David Bowie search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  36. "Dutchcharts.nl – David Bowie – Ashes To Ashes" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  37. "Charts.org.nz – David Bowie – Ashes To Ashes". Top 40 Singles. Hung Medien.
  38. "Norwegiancharts.com – David Bowie – Ashes To Ashes". VG-lista. Hung Medien.
  39. "Swedishcharts.com – David Bowie – Ashes To Ashes". Topp 60. Hung Medien.
  40. "David Bowie – Ashes To Ashes – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  41. «1980 Top 40 Official UK Singles Archive – 23rd August 1980». Official Charts Company. Henta 31. august 2021. 
  42. «Scary Monsters awards on Allmusic». Allmusic. Henta 31. august 2021. 
  43. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  44. "Lescharts.com – David Bowie – Ashes To Ashes" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  45. 45,0 45,1 Pegg 2011, s. 31.
  46. Altenburg, Ruud. «David Bowie – Illustrated db Discography > Songs: A». Henta 29. september 2016. 
  47. «Exclusive Q&A with Tony Visconti». David Bowie News | Celebrating the Genius of David Bowie (på engelsk). 11. august 2020. Henta 12. august 2020. 
  48. «A NEW CAREER IN A NEW TOWN (1977–1982) – David Bowie Latest News». DavidBowie.com. 22. juli 2016. Arkivert frå originalen 8. januar 2010. Henta 24. august 2021. 
  49. «Life after Mars», The Guardian, 7. januar 2008
  50. «Back in the Day when PC meant Copper» Arkivert 11. februar 2008 ved Wayback Machine., David Belcher, The Herald (Glasgow), 8. februar 2008

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]