Astrid Krag | |||
| |||
Fødd | 17. november 1982 (42 år) Vejle | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Socialistisk Folkeparti, Socialdemokratiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Københavns Universitet | ||
Alle verv |
Astrid Krag Kristensen (fødd 17. november 1982 i Vejle) er ein dansk politikar (S). Ho var minister i den fyrste regjeringa til Mette Frederiksen frå 27. juni 2019 til 15. desember 2022, fyrst som sosial- og innanriksminister, deretter som sosial- og eldreminister.[1]
Krag har vore vald til Folketinget frå Sjællands storkrins sidan 2007 og helseminister 2011–2014, og melde overgang frå Socialistisk Folkeparti til Socialdemokraterne ved si fråtreding som minister.[2]
Krag er dotter av ein tekstforfatter og ein gymnaslærar.[3] Ho er gift med Andreas Seebach, kjend som rapperan AndyOp. Paret har barn saman, og er busatt på Amager.[4] Krag har studentereksamen frå Tørring Amtsgymnasium frå 2001 og studium i statsvitskap frå Københavns Universitet. Ho har arbeidd i barnehage, skuleverket og heimepleien.[3]
Krag var elevrådsformann på gymnaset og formann i ungomspartiet til Socialistisk Folkeparti 2005–2007. Sidan 2007 har ho vore vald til Folketinget frå Sjællands storkrins, etter å ha blitt nominert frå Roskilde krins.[3] Krag var helseminister i den fyrste regjeringa til Helle Thorning-Schmidt 2011–2014. I 2012 var ho kandidat til formannsposten i Socialistisk Folkeparti, men tapte mot Annette Vilhelmsen i uravrøystinga.[5] Etter at Socialistisk Folkeparti gjekk ut av regjeringa i januar 2014, melde dei avtroppande ministrane Astrid Krag og Ida Auken overgang til høvesvis Socialdemokraterne og Radikale Venstre.[2][6] Same år blei Krag nominert til Folketinget for Socialdemokraterne frå Greve krins i Sjællands storkrins.[7]