Astrid Nøklebye Heiberg | |||
| |||
Fødd | 14. april 1936 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 2. april 2020 (83 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, psykiater, medisinprofessor | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Utdanna ved | Det medisinske fakultet Oslo katedralskole | ||
Ektefelle | Arvid Heiberg | ||
Alle verv |
|
Astrid Nøklebye Heiberg (fødd 14. april 1936 i Oslo, død 2. april 2020) var ein norsk psykiatar og politikar for Høgre. Ho var statssekretær i Helse- og omsorfsdepartementet i Erna Solbergs regjering frå oktober 2013 til april 2016.
Heiberg var professor i psykiatri. Ho hadde sentrale verv i Høgre i 1980- og 1990-åra som leiar i Høyrekvinners Landsforbund og stortingsrepresentant 1985–1989, forbrukar- og administrasjonsminister i 1986 og 1. nestleiar i partiet 1990–91. Heiberg var president i Noregs Raude Kross 1993–1999.
Astrid Nøklebye Heiberg var dotter av ein direktør. Under andre verdskrigen flykta faren frå landet, seks år gammal flykta ho sjølv med familen til Sverige.[1]
Ho fekk den første skulegangen sin i Småland, og tok examen artium ved latinlinja ved Oslo katedralskole i 1954. Opphavleg tenkte ho å verta ingeniør som faren, og tok difor eksamen ved reallinja to år seinare.[1] Deretter tok ho medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1962. I 1960-åra var ho turnuskandidat ved Halden sjukehus og i Vågsøy legedistrikt og dessutan assistentlege og reservelege i Fredrikstad, før ho vart spesialist i psykiatri i 1969. I 1963 gifta ho seg med overlege Arvid Heiberg.
Astrid Nøklebye Heiberg var reservelege, assisterande overlege, universitetslektor og dosent ved Psykiatrisk institutt ved Universitetet i Oslo 1969–1981, og som den første kvinnelege psykiateren i landet tok ho doktorgraden i 1980 med avhandlinga Funksjonelle kjeveplager.[1] Endeleg var ho professor ved universitetet 1985–2006, og har vore professor emeritus sidan 2006. Som psykiater forska ho særleg på psykosomatikk.
Nøklebye Heiberg var feminist frå ungdomen av.[1] Ved Psykiatrisk Institutt vart ho kjent med professor Leo Eitinger, og støtta aktivt engasjementet hans for humanisme og antirasisme.[1] Med dei fleste tillitsverva sine i Norsk psykiatrisk samskipnad arbeidde ho for å avskaffa homofili som sjukdomsdiagnose, noko som vart oppnådd i 1978.[1] Ho var òg støttespelar for Det norske forbundet av 1948, og melde seg ut av Den norske kyrkja i protest mot haldningane til framtredande representantar til homofili.[1]
Ho melde ikkje seg inn i noko politisk parti før danninga av Kåre Willochs reine Høgre-regjering hausten 1981, då Nøklebye Heiberg vart spurt om å vera statssekretær i Sosialdepartementet.[1] Etter fire år som statssekretær vart ho i 1985 vald til leiar i Høyrekvinners Landsforbund og innvald på Stortinget frå Oslo. På Stortinget var ho medlem av Stortingets finanskomité 1985–1987 og medlem av Stortingets kyrkje- og undervisingskomité 1987–1989, med unntak av ein kort periode som statsråd i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet før avgangen til Willoch-regjeringa frå april til mai 1986. I 1989 frasa ho seg attval til leiarvervet i Høyrekvinners Landsforbund og renominasjon til Stortinget, men var 1. nestleiar i Høgre 1990–1991, Oslo Høgres ordførarkandidat ved bystyrevalet i 1991 og medlem av Oslo bystyre 1992–1995.[1]
Med kort fartstid i Raude Kross vart ho vald til president i Noregs Raude Kross i 1993.[1] Ho gjekk av i 1999 og fekk status som ærespresident, og sat dessutan som president i Det internasjonale forbundet av Raude Kross- og Raude Halvmånesamskipnader 1997–2001. I begge verva var ho den første kvinna.[1] Av andre verv kan nemnast styreleiar i Tanum bokhandel AS 1994–2004, styremedlem ved Rikshospitalet frå 1995, styremedlem i Helse Aust RHF 2003–2006, leier i Staten sitt seniorråd 2002–2005, styreleiar ved Norsk institutt for kulturminneforsking frå 2003, leiar i Den norske nasjonalkommisjonen for UNESCO frå 2004 og styreleiar i Selskabet for Oslo Byes Vel frå 2010.
Nøklebye Heiberg er Oslo Høgres fjerde vararepresentant på Stortinget i perioden 2013–2017.[2] Ho vart 16. oktober 2013 utnemnd til statssekretær for Bent Høie i Helse- og omsorgsdepartementet i Erna Solbergs regjering.[3]