Atle Sommerfeldt | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. november 1951 (73 år) Eidsvoll kommune |
Yrke | teolog, prest |
Tittel | Biskop i Borg |
Periode | 2012-2021 |
Føregangar | Helga Haugland Byfuglien |
Etterfylgjar | Kari Mangrud Alvsvåg |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Atle Sommerfeldt på Commons |
Atle Sommerfeldt (fødd 22. november 1951) er ein norsk teolog. Han var biskop i Borg bispedømme 2012-2022.[1]
Atle Sommerfeldt voks opp i Asker, avla teologisk embetseksamen i 1980 og tok praktisk-teologisk seminar ved Menighetsfakultetet i 1981. Han arbeidde som prest i Oslo bispedømme i tida 1982–1984, var assisterande generalsekretær i Botswana Christian Council frå 1989 til 1993 og generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja frå 1993 til 1994. Frå 1994 til 2011 har han vore generalsekretær i Kirkens Nødhjelp.[2] Han vart utnemnd til biskop i Borg i kyrkjeleg statsråd 14. oktober 2011, og var den siste biskopen som vart utnemnd av Kongen i statsråd.
Atle Sommerfeldt er gift med Marianne Uri Øverland. Paret har ei dotter som dei adopterte i Botswana.[1]