Attil | |||
عتيل | |||
kommune | |||
Namneopphav: «Streng»[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tulkarm guvernement | ||
Koordinatar | 32°22′09.78″N 35°04′18.49″E / 32.3693833°N 35.0718028°E | ||
Areal | 7,3 km² | ||
Folketal | 9 038 (2007) | ||
Folketettleik | 1 238 / km² | ||
Attil 32°22′10″N 35°04′18″E / 32.369383333333°N 35.071802777778°E | |||
Kart som viser Attil.
| |||
Wikimedia Commons: Attil |
Attil (arabisk عتيل) er ein palestinsk by i Tulkarm guvernement aust på Vestbreidda, 12 kilometer nordaust for Tulkarm. Attil er eit knutepunkt mellom andre landsbyar og Tulkarm. Han grensar til Illar i aust; Baqa ash-Sharqiyya i nord; den grøne linja i vest og Deir al-Ghusun i sør. Fjella som ligg kring byen er mellom anna Nabhan, Aboora, Asad og Shehadeh. Attil ligg 100 meter over havet og dekkjr eit område på 7,337km2.
Attil hadde eit folketal på 9 038 i 2007 i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå.[2]
Attil går attende til oldtida og ligg på ein ved kanten av nokre sletter. Det er funne fragment av mosaikkgolv og søylegangar frå ei kyrkje, i tillegg til cisterner hogge ut i berget. Her finst òg grotter.[3]
Attil vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelistene i 1596 var han ein del av Jabal Sami nahiya, som var under Nablus liwa. Landsbyen hadde eit folketal på 59 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, bikubar og/eller geiter, og ei olivenoljepresse, eller presse for druesirup.[4]
Seint i osmansk tid, i 1852, skildra den amerikanske vitskapsmannen Edward Robinson landsbyane Zeita og Jett på veg til 'Attil. Om 'Attil sjølv skreiv han at det var ein «stor landsby», på ei høgd med sletter i nord og sør.[5]
I 1863 passerte den franske oppdagaren Victor Guérin forbi og skreiv at landsbyen òg vart kalla Deir Attil.[6]
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen som stor, på ein ås ved ei slette og omgjeve av små olivelundar.[7]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Attil eit folketal på 1 656, alle muslimar.[8] I folketeljinga i 1931, hadde Attil, i lag med Jalama, Al-Manshiyya og Zalafa i alt 2207 innbyggjarar, alle muslimar utanom ein drusarar, fordelt på 473 hus.[9]
I 1945 var folketalet i Attil 2 650 arabarar, som eigde 7 337 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[10] 4 011 dekar var plantasjar og irrigert land, 2 527 nytta for korn,[11] medan 86 dekar vart utbygd (urbant) land.[12]