Aud Schønemann | |||
Aud Schønemann med Jan Pande-Rolfsen, 1970 | |||
Fødd | 13. november 1922 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Christiania | ||
Død | 30. oktober 2006 (83 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Verka som | skodespelar, filmskodespelar | ||
Far | August Schønemann | ||
Ektefelle | Jan Pande-Rolfsen | ||
Prisar | Leif Justers ærespris, Oslo bys kulturpris, Solprisen, Amandakomiteens ærespris |
Aud Schønemann, eigentleg Aud Pande-Rolfsen, (13. november 1922–30. oktober 2006) var ein populær norsk skodespelar.
Foreldra hennar var skodespelarane August Schønemann (1891–1925) og Dagmar Kristensen (1901–1987). Ho var gift med no avlidne Jan Pande-Rolfsen.
Schønemann debuterte tidleg i norsk sceneliv, men er mest kjend for rollene som Valborg i filmane om Olsenbanden og som «Modern» til Fleksnes. I seinare år spelte ho mellom anna i Fredrikssons fabrikk, saman med mellom andre Elsa Lystad og Anne Marie Ottersen.
Schønemann vann Amandaprisen sin heiderspris i 1997. Ein statue av Schønemann i ei av sine roller, laga av skulptøren Nina Sundbye, står framfor hovudinngangen til Oslo Nye Teater, avduka av ordføraren i Oslo, Fabian Stang, 21. oktober 2010.