August Christian Manthey

August Christian Manthey

Fødd14. februar 1811
Rakkestad kommune
Død25. mai 1880 (69 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkejurist, minister, Fylkesmann
FarSamuel William Manthey
EktefelleMathea Anker Manthey
Alle verv
  • Norsk finansminister (1870–1870)
  • Norsk finansminister (1872–1873)
  • Norsk finansminister (1874–1874)
  • Norsk justisminister (1856–1857)
  • Norsk justisminister (1859–1860)
  • Norsk justisminister (1863–1864)
  • Norsk justisminister (1869–1870)
  • Norges armeminister (1862–1863)
  • Norges armeminister (1866–1867)
  • Norges armeminister (1872–1872)
  • Norsk marine- og postminister (1861–1861)
  • Norsk marine- og postminister (1867–1868)
  • Norsk marine- og postminister (1871–1872)
  • Norsk marine- og postminister (1872–1872)
  • Norsk marine- og postminister (1873–1874)
  • Norges indreminister (1858–1859)
  • Norges indreminister (1861–1862)
  • Norges indreminister (1865–1866)
  • Norges revisjonsminister (1856–1856)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1857–1858)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1860–1861)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1864–1865)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1868–1869)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1870–1871)
  • fylkesmann i Hedmark (1849–1856)
  • stiftamtmann i Akershus stiftamt (1874–1880) Sjå dette på Wikidata

August Christian Manthey (14. februar 181125. mai 1880) var ein norsk embetsmann fødd i Rakkestad. Han var son til Samuel Manthey og svigerson til forretningsmannen Jacob Nielsen.

August Manthey vart student frå katedralskulen i Christiania i 1829 og vart cand.jur. i 1835. Han var i 1830 kopist i Finansdepartementet og ei kort tid sorenskrivarfullmektig i Indre Sogn. Frå 1838 arbeidde han som fullmektig i Finansdepartementet, deretter byråsjef i same departement frå 1841. I 1845 vart han ekspedisjonssekretær i det som skulle verte Indredepartementet. Han var amtmann i Hedmark frå 1849. Den 30. april 1856 vart han utnemnd til statsråd og veksla mellom å vere sjef i Revisjons-, Finans-, Justis- og Indredepartementet. Han tok avskjed frå statsråd 29. juli 1874, samstundes som han vart utnemnd til stiftamtmann i Kristiania.

Manthey var Noregs kommissær under forhandlingane om Øresundstollen. Elles sat han i styret for fleire privatbankar og forsikringsselskap.