61°13′9″N 10°16′15″E / 61.21917°N 10.27083°E Aulestad er ein gard i Follebu i austre Gausdal i Innlandet. Garden var heimen til Bjørnstjerne Bjørnson og huslyden hans frå 1875. Våningshuset på garden er freda og vart innkjøpt som nasjonaleigedom etter ei landsfemnande innsamling i 1922. Det har vore museum sidan 1926, og vart lagd inn under De Sandvigske Samlinger på Lillehammer frå 1965. Resten av garden er framleis i Bjørnsonfamilien si eige.