Außenalster

Außenalster
innsjø
Land  Tyskland
Innsjøtype Kunstig innsjø
Tilsig Alster, Binnenalster
Areal 1,6 km²
Middeldjupn 4,5 m
Koordinatar 53°33′50″N 10°00′30″E / 53.56389°N 10.00833°E / 53.56389; 10.00833
Kart
Außenalster
53°33′54″N 10°00′36″E / 53.565°N 10.01°E / 53.565; 10.01
Wikimedia Commons: Außenalster

Außenalster (tyder «ytre Alster») er ein av to kunstige innsjøar innanfor bygrensene til Hamburg i Tyskland, som er danna av elvane Alster og Binnenalster. Außenalster har eit areal på 1,6 km².

«Ytre» referer her til dei gamle bymurane i Hamburg. Außenalster var delen av innsjøen som var på «utsida» av bymurane. I dag eksisterer ikkje lenger bymurane, og i staden går to bil- og togbruer, Lombardbrücke og Kennedybrücke, over elva.

Außenalster vert nytta av innbyggjarane i Hamburg for rekreasjon, som t.d. segling og roing. Nesten heile breidda av Außenalster er offentleg. Breidda varierer frå smale stiper med grøn mark til store offentleg parkar (t.d. Alstervorland). Det er svært populært å jogge rundt innsjøen (om lag 7 km).