Axel Ender | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. september 1853 Asker |
Død |
10. september 1920 (66 år) |
Yrke | kunstmålar, bilethoggar |
Born | Ragnhild Ender |
Axel Ender på Commons |
Axel Hjalmar Ender (14. september 1853–10. september 1920) var ein norsk målar og bilethoggar frå Asker.[1]
Ender var frå 1867 til 1971 elev under Julius Middelthun på Tegneskolen i Kristiania. Seinare studerte han ved kunstakademia i Stockholm, 1872-74, og i München, 1875-80.[1]
Målaren Ender hadde sans for nasjonalromantikken og laga ei rad måleri med idealiserte framstillingar av folkelivet i Noreg. Bilete som Kanefart på Mjøsa, Gjeter møter kjentfolk på vei over fjellet, Sledekjøring på isen, En fin skidag, Høyet lastes på, Besøk på seteren og Mor og barn i Setesdals-drakter er typiske for måleri-produksjonen hans. Frå kring 1900 fann ein verk av Ender att på mangt eit julekort.
Han laga elles altartavler til Åsnes kyrkje (1876), Haug kyrkje i Ringerike (1878), Kampen kyrkje, Østre Porsgrunn kyrkje (1890), Lunner kyrkje (1904), Molde domkyrkje, Holmen kyrkje i Sigdal og Sundby kyrkje i Morsø i Danmark.[2]
Ender laga statuen av Tordenskjold (1891-1901) som står på Rådhusplassen i Oslo, hans kanskje viktigaste verk. Dette arbeidet fekk han overraskande utføre, etter at Anders Svor hadde vunne den utlyste konkurransen. Ender mottok St. Olavs Orden for arbeidet.[1]
Han døydde i Kristiania.