'Azzun 'Atma | |||
kommune | |||
Namneopphav: Den ville olivenen i Ibn 'Atmeh[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Qalqilya guvernement | ||
Koordinatar | 32°07′23″N 35°00′58″E / 32.12306°N 35.01611°E | ||
Folketal | 1 670 (2006) | ||
Azzun Atma 32°07′23″N 35°00′58″E / 32.123055555556°N 35.016111111111°E | |||
Kart som viser Azzun Atma.
| |||
Wikimedia Commons: Azzun Atma |
'Azzun 'Atma (arabisk عزون عتمة, hebraisk skrift עזון עתמה) er ein palestinsk landsby i Qalqilya guvernement aust på Vestbreidda, 5 kilometer søraust for Qalqilya. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde 'Azzun 'Atma eit folketal på kring 1 670 innbyggjarar i 2006.[2] 3,9 % av folkesetnaden i 'Azzun 'Atma var flyktningar i 1997.[3]
Landsbyen er gammal og gamle steinar er nytta om att i husa. Moskeen er kanskje ei gammal kyrkje. Det er òg gjort funn av bysantinsk keramikk.[4]
Staden vart oppført i osmanske skattelister i 1596 som 'Azzun, i Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 29 hushaldningar og to ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og bikubar.[5]
Då den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1870 og skildra han som ein stor arabisk landsby, då fråflytta. Mange små, firkanta hus stod framleis delvis, og nær moskeen såg han gamle søyler og store steinar frå eldre bygningar. Gamle fikentre og vakre mimosa var spreidd mellom ruinane.[6] I The Survey of Western Palestine (1882) vart han òg skildra som ein «landsby i ruinar».[7]