Baard Haugland | |||
| |||
Fødd | 12. januar 1835 Stord kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 7. mai 1896 (61 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre (ukjend; 1894), Moderate Venstre (1894) | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande | ||
Alle verv |
|
Baard Madsson Haugland (12. januar 1835–7. mai 1896) var ein norsk handelsmann, ordførar, stortingsrepresentant og statsråd frå Stord.
Far til Haugland var gardbrukar på Haugland i Stord. Sjølv arbeidde han i ei handelsforretning i Bergen frå 1851 til 1862. Deretter slo Haugland seg ned på Stord der han var landhandlar fram til 1884. Han var ordførar i Stord 1864-83, og forlikskommissær i fleire år.
Haugland var stortingsmann for Søndre Bergenhus amt 1871-85. Frå 1884 representerte han det nystifta partiet Venstre. Han var medlem av bankkomiteen 1871-74, sekretær dei to siste sesjonane. Vidare var han 1874-79 og 1882 sekretær i næringskomite nr 1, 1883-84 formann i same. Elles var han medlem av valkomiteen 1877-84 og fullmaktskomiteen 1880-82, sekretær i sistnemnde 1883-84. I 1883 var han medlem av traktatkomiteen.
1877 var Haugland medlem av hamnekommisjonen, 1879 av leiglendingskommisjonen, og i 1882 av den parlamentariske jurykommisjonen. Under riksrettsaka 1883-84 mot Selmer-ministeriet var han med i aksjonskomiteen.
Haugland var finansminister i Sverdrup-regjeringa frå 1884 til 1888. Han har vorte omtala som «den første bonde i Kongens råd». 1888-89 var han medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm.
I 1892 vart Haugland på ny vald til Stortinget for Søndre Bergenhus. Grunna sjukdom møtte han ikkje 1892-93, i 1894 var han medlem av Lagtinget og av næringskomite nr 1. Han representerte då Venstre, medan han i perioden 1895-97 var medlem av Moderate Venstre, vald til same posisjonane som i den førre stortingsperioden.
Haugland var tollkasserar i Kristiansand frå 1893.
Hausten 1895 fekk Haugland plass i den fyrste Hagerup-regjeringa, der han fekk sitt virke i statsrådsavdelinga i Stockholm. Han døydde i Stockholm våren 1896, og vart gravlagd på Vår Frelsers Gravlund i Oslo.
Søndre Bergenhus Dampskibsselskab fekk 1. juni 1898 overlevert det nybygde lokalruteskipet DS «Statsraad Haugland», oppkalla etter Baard Haugland. Skipet gjekk i ulike ruter i Mid- og Sunnhordland, men selskapet måtte etter kort tid gje seg etter hard konkurranse med Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab. Skipet vart vinteren 1899 seld til Det Stavangerske Dampskibsselskab, som gav det namnet DS «Sand».