Baby I'm-a Want You vart det fjerde studioalbumet til Bread, gjeve ut i 1972. Singlane frå albumet var tittelsporet (som nådde tredjeplassen på Billboard Top 100 i USA), «Everything I Own» (#5), «Mother Freedom» (#37) og «Diary» (#15). Dette vart det første Bread-albumet med klaverspelaren Larry Knechtel.
Allmusic skreiv om albumet: «Baby I'm-A Want You er det beste albumet til Bread, og syner både dei mjuke og harde sidane til bandet (ja, Bread hadde ei hard side). Høgdepunkta er fleire enn dei mediokre, og spelinga er særs polert.»[1]