Baby Universal Singel av Tin Machine frå albumet Tin Machine II | ||
Utgjeve | Oktober 1991 | |
Innspelt | Sydney September–november 1989; April 1990; September–oktober 1990; Los Angeles, mars 1991 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:07 | |
Selskap | London LON 310 | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie, Reeves Gabrels | |
---|---|---|
Produsent | Tin Machine, Tim Palmer | |
Tin Machine-kronologi | ||
«You Belong in Rock n' Roll» (1991) |
Baby Universal | «One Shot» (1991)
|
«Baby Universal» er ein song av Tin Machine, gjeve ut som den andre singelen frå albumet Tin Machine II i oktober 1991.
David Bowie og Reeves Gabrels spelte opphavleg inn ein demo av «Baby Universal» i 1988, før Tin Machine vart blitt skipa, men han vart skrinlagd for det første albumet etter at produsenten Tim Palmer meinte songen kanskje var «for fengande» for det første albumet.[1]
Singelen kom ut i lag med songar spelte inn for radioprogrammet til Mark Goodier på BBC den 13. august 1991, og eit opptak frå Top of the Pops på BBC.[2]
Bowie spelte inn «Baby Universal» på ny i 1996 for å ta han med på albumet Earthling, men han kom ikkje med på det endelege albumet,[3] og kom til slutt ut i 2020 som ein del av EP-en Is it Any Wonder?.[4]
«Baby Universal» vart framført av Tin Machine på «It's My Life-turneen» i 1991-1992 og av Bowie på «Outside sommarfestivalturné». Eit opptak frå It's My Life-turneen kom ut på albumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby (1992).
Produsentar
Musikarar
Liste (1991) | Plassering |
---|---|
US Billboard Alternative Songs[5] | 30 |
US Mainstream Rock Tracks[6] | 21 |