Baiju Bawra | |||
Død | Chanderi | ||
---|---|---|---|
Opptrer i | Baiju Bawra |
Baiju Bawra (bokstaveleg ‘Baiju den galne’, fødd som Baijnath Mishra) var ein dhrupad-musikar frå India i mellomalderen. Nesten alle informasjonen om Baiju Bawra kjem frå legender, og manglar historisk autentisitet.[1] Den mest utbreidde legenda fortel han at han levde under Mogultida på 1500- og 1600-talet. Han var ein av hoffmusikarane til Man Singh Tomar av Gwalher (no Gwalior).
Ei soge fortel at Baiju Bawra blei fødd som Baijnath Mishra i ein fattig brahminarfamilie i Champaner i Gujarat-sultanatet. Etter at far hans døydde drig mor hans, ein tru følgjar av Krisjna, til Vrindavan, som er knytt til guden. Der møtte Baiju læraren sin Swami Haridas, og fekk opplæring i ein gurukula. Han adopterte òg ein foreldrelaus gut som heitte Gopal, og lærte han opp til å bli musikar.[2]
Etter kvart blei Baiju kjend, og blei invitert til hoffet til radjaen i Chanderi. Her blei også adoptivsonen hans Gopal kjend. Gopal gifta seg med disippelen sin Prabha, og paret fekk ei dotter som heitte Meera. Rundt denne tida inviterte raja Man Singh Tomar Baiju til Gwalior, der han nådde høgda av kjennskapen sin. Dronning av Gwalior, Rani Mriganayani, blei òg disippelen hans.[2]
Ein gong, medan Baiju var vekke, drog Gopal vekk frå Chanderi for godt, lokka av nokre kasjmiriske handelsmenn som ville at han skulle tena kongen deira. Då Baiju kom heim, blei han sjokkert over å finna heile familien sin borte. Han blei ein omreisande tiggar og drog frå stad til stad, på leit etter det elska barnebarnet sitt Meera. Folk såg på han som ein galning, og dermed blei han kjend som "bawra".[2] (alternative soger seier at han blei kjend som "Bawra", fordi han var besett av klassisk musikk.[3])
Tansen, ein annan kjend disippel av Swami Haridas, hadde høyrt læraren si lovprising av Baiju. Han bad sin eigen velgjerar, raja Ramachandra Baghela frå Rewa, om å organisera ein musikkkonkurranse, i håp om at Baiju ville koma til denne konkurransen for å redda ryktet sitt. Baiju kom til tevlinga og utførte utrulege gjerningar, som å hypnotisera hjort gjennom framføringa si av «Raag Mrigranjini» og smelte ei steinhelle med sin «Raag Malkauns». Tansen kjende han att og omfamna han.[2]
Soger i bøker bevarte i Jai Vilas Mahal i Gwalior fortel at Baiju Bawra kunne tenna oljelampar ved å synge Raag Deepak; få det til å regna ved å syngja raagaene Megh, Megh Malhar eller Gaud Malhar; og blomane til å blomstra ved å synga raga Bahar.
Baiju Bawra skal ha døydd i Chanderi etter å ha fått tyfoidfeber på vasant pantsjami i 1610. Det finst ein minnestad eller samadhi til Baiju Bawra i Chanderi.
Baiju Bawra, ein hindi-språkleg film frå 1952, fortel ein heilt oppdikta versjonav livet til Baiju. Filmen blei ein stor kommersiell suksess. I filmen er Tansen kjend som den største levande musikaren. Ingen har lov til å synga i byen om dei ikkje kan synga betre enn Tansen. Einkvar som prøver å synga og ikkje er betre enn Tansen, blir avretta. Far til Baiju døyr då Tansen sin vakt prøver å stoppa han frå å synga. Fleire år seinare får Baiju hemn då han vinn over Tansen i ein musikalsk tvikamp.