Ballard Down | |||
fjell | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Område | Purbeck Hills | ||
Høgd | 162 moh. | ||
Primærfaktor | 65 m | ||
Ballard Down 50°37′50″N 1°57′58″W / 50.63049°N 1.96601°W |
Ballard Down er eit åsområde i Dorset, sør i England, som endar ved neset Ballar Point mellom buktene Studland og Swanage i Den engelske kanalen. Området var ei kalkhaldig grasslette fram til den andre verdskrigen, då det vart stor trong for dyrkbar mark. Sidan den gong har behovet for jordbruksområde gått attende og området, som i dag tilhøyrer National Trust, har stort sett vorte grassletter igjen.
Purbeck Hills møter sjøen ved Old Harry Rocks i Ballard Down.