Ballongstyrten i Clareville | |
Dato | 7. januar 2012 |
Årsak | Kom borti ein kraftledning og starta å brenne |
Ulukkesstad | Clareville i Carterton på New Zealand |
Passasjerar | 10 |
Mannskap | 1 |
Omkomne | 11 |
Ballongstyrten i Clareville var ei ulukke som fann stad 7. januar 2012, då ein varmluftsballong styrta i Clareville i Carterton på New Zealand. Alle dei elleve ombod, ti passasjerar og ein pilot, mista livet.[1][2]
Varmluftsballongen var ein Cameron A-210-modell, registrert ZK-XXF og kalla «Mr Big».[3] Han hadde tilhøyd Early Morning Balloons Ltd sidan 26. januar 2000 og kunne frakte ti passasjerar og ein pilot. Ballongen tok av frå Carterton klokka 06:40 og turen skulle vare i 45 minutt.[4][5] Piloten var ein av dei mest erfarne på New Zealand.[6] Dei ti passasjerane kom frå New Zealand: to ektepar frå Masterton og Wellington, eit par frå Lower Hutt, eit kjærastepar frå Wellington og to syskenbarn frå Masterton og Paraparaumu.[7] Vêret var klart og det var lite vind då ulukka skjedde.[8]
Ulukka skjedde rundt klokka 07:25, då varmluftsballongen skulle lande i eit felt ved sida av Somerset Road. Ifylgje augevitne kom ballongen i kontakt med ein kraftledning ved vegen,[9][10] og det gjorde at korga tok fyr.[11] To av passasjerane hoppa ut frå ukjend høgd. Ballongen vart slukt av flammane og styrta i bakka ved sida av vegen.[12][13] Då ballongen kom borti kraftledningen vart straumen til 3800 eigedomar i område kutta.[14] Nokre av dei pårørande var i området då ulukke skjedde. Alle dei elleve ombord var døde då ambulansepersonell kom fram til staden. Lika av dei to som hoppa frå korga vart funne 200 meter frå krasjstaden.[15]