Både Arura og Mazari al-Nubani var ein del av Bani Zeid underdistrikt i Jerusalem sanjak. Dei to landsbyane produsert i lag 99 qintar med olivenolje, det viktigaste jordbruksproduktet frå Bani Zeid.[4]
I 1596 stod 'Arura oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Qudsliwa. Han hadde eit folketal på 62 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer og frukttre, geiter og/eller bikubar.[5] Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen seint på 1800-talet, og han hadde då kring 350-400 innbyggjarar. Guerin observerte fragment av søyler og andre indikasjonar på at det var ein svært gammal stad.[6] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine landsbyen, kalla Arara, som liten, i høgt lende og merkverdig fordi det låg fem heilage stader på vestsida av landsbyen.[7]
I 1945 var det samla landarealet 10 978 mål, og av dette var 26 utbygde område og 2 550 nytta til olivenlundar.
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.