Bardon Hill | |||
Marilyn | |||
Dagbrotet i Bardon Hill
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Topp | Charnwood Forest | ||
• høgd | 278 moh. | ||
• Primærfaktor | 170 m | ||
![]() Bardon Hill 52°42′49″N 1°19′19″W / 52.713619444444°N 1.3219888888889°W | |||
Wikimedia Commons: Bardon Hill |
Bardon Hill, nær Coalville, er det høgaste punktet i det engelske grevskapet Leicestershire og National Forest, 278 meter over havet. Åsen har to særeigne sider. Den eine er bevart som ein site of special scientific interest (SSSI), og den andre er eigd av Bardon Hill Quarry, eit dagbrot. Det står òg ei radiomast på åsen. Den nest høgaste åsen i Leicestershire er den nærliggande Beacon Hill.
«Bardon Hill» var òg namnet på ein landsby som låg sørvest for åsen. Det meste av landsbyen er no øydelagd.
Det har vore drive dagbrot på Bardon Hill sidan minst 1622, men arbeidet startar først på større skala i 1857. Leicester and Swannington-banen opna i 1832 og vart overtatt av Midland Railway i 1845[1], og gjekk like ved Bardon Hill. Dette gjorde at ein lett kunne transportere granitt bort frå dagbrotet. Det vert i dag eigd av Aggregate Industries.