Bart Veldkamp | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda, Belgia |
Fødd | 22. november 1967 (57 år) Haag |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i | Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2002, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1998 – 5000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1992 – 10000 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1994 – 10000 meter herrer |
Utmerkingar | Elfstedentocht Cross |
Bart Veldkamp (fødd 22. november 1967) er ein nederlandsk-belgisk skeiseløpar, fødd i Haag. Han vart europameister på skeiser i 1990 og olympisk meister på 10 000 meter under vinterleikane 1992 i Albertville.
Veldkamp representerte fødelandet Nederland i åra 1989-95. Omframt EM-tittelen 1990 og OL-gullet i 1992, vart han tredjemann i firkamp-VM 1990 og 1991, EM 1991 og på 10 000 m under Vinter-OL 1994 på Lillehammer.
Frå 1996 valde Veldkamp å representere Belgia, då han sleit med å kvalifisere seg til meisterskapane på verdas beste landslag. Under Vinter-OL 1998 i Nagano vann han Belgias fyrste olympiske medalje på skeisebanen. I 2001-sesongen overraska han stort ved å verte andremann i EM i Baselga og tredjemann i VM i Budapest. Elles sikra Veldkamp seg to sølvmedaljar og ein bronse i VM i enkeltløp i tida 1996-2001.
Veldkamp la opp i 2006.