Barta'a | |||
برطعة | |||
by | |||
Land | Dei palestinske territoria, Israel | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jenin guvernement, Haifa distrikt | ||
Koordinatar | 32°28′28″N 35°05′32″E / 32.47444°N 35.09222°E | ||
Areal | 4,3 km² | ||
Folketal | 8 300 (2006) | ||
Folketettleik | 1 930 / km² | ||
Barta'a 32°28′28″N 35°05′32″E / 32.474416666667°N 35.092136111111°E | |||
Kart som viser Barta'a.
| |||
Wikimedia Commons: Barta'a |
Barta'a (arabisk skrift برطعة, hebraisk skrift בַּרְטַּעָה) er ein by i Israel og Dei palestinske territoria som ligg på begge sider av Den grøne linja og Wadi Ara-området.
De vestlege Barta'a ligg i Haifa distrikt i Israel, og utgjer ein del av Basma lokale kommune. Dei 4 700 innbyggjarane her er arabiske borgarar i Israel.[1]
Den austlege Barta'a lgig i Dei palestinske territoria nord i Jenin guvernement på Vestbreidda i det som i følgje Osloavtalen er Område C. Denne delen har 3 600 innbyggjarar, der 30-40 % har israelske identifikasjonskort, og resten palestinske.[1][2][3]
I folketeljinga i 1931 hadde Barta'a 94 busette hus og eit folketal på 692 muslimar.[4]
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart landsbyen Barta'a delt av våpenkvilelinja i ein austleg og vestleg del. Den vestlege delen kom inn under israelsk control, medan den austlege kom inn under jordansk kontroll. Frå 1949 til 1967 var det umogeleg å krysse mellom dei to halvdelane.
Etter seksdagarskrigen i 1967, tok Israel kontroll over Vestbreidda og dei to delane av byen vart uformelt samla att,[1] og vart driven som ein enkel kommune.
Etter bygginga av Israel si sperring på Vestbreidda i 2003, hamna den austlege Barta'a i ein lukka militærsone, eit område mellom den grøne linja og sperringa kalla Separasjonssonen.[5]
Aust-Barta'a (Barta'a ash-Sharqiyya) er den største byen i det som vert kalla Barta'a-enklaven, som òg omfattar dei palestinske landsbyane Um ar-Rehan, Khirbet 'Abdallah al-Yunis, Khirbet Ash-Sheikh Sa'eed, Khirbet al-Muntar al-Gharbiya, Khirbet al-Muntar ash-Sharqiyya og Dhaher al-Malik.[6]