Bat Ayin | |||
בַּת עַיִן | |||
landsby | |||
Namneopphav: Kjeldedottera | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Vestbreidda | ||
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Gush Etzion | ||
Koordinatar | 31°39′25.98″N 35°6′8.14″E / 31.6572167°N 35.1022611°E | ||
Folketal | 1 000 | ||
Grunnlagd | 1989 | ||
• Grunnlagd av | rabbi Yitzchak Ginsburg | ||
![]() Bat Ayin 31°39′26″N 35°06′08″E / 31.657216666667°N 35.102261111111°E | |||
Wikimedia Commons: Bat Ayin | |||
Nettstad: bat-ayin.org |
Bat Ayin (hebraisk skrift בַּת עַיִן, tyder 'augestein', kan òg tyde Kjeldedottera)[1] er ei israelsk busetjing i Gush Etzion på den okkuperte Vestbreidda, mellom Jerusalem og Hebron. Han er underlagt Gush Etzion regionale kommune og er busett av kring 200 familiar. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]
Bat Ayin vart grunnlagd av sju familiar leia av rabbi Yitzchak Ginsburg i 1989, på land som opphavleg vart kjøpt av jødar før 1948, og som var under jordansk styre fram til 1967.[3] Han fekk rykte for å vere særleg ekstremistisk og særs hard mot dei lokale palestinarane, som ikkje fekk lov å nærme seg busetjinga.[4] Busetjinga har synt interesser for å utvide området sitt, og har oppretta ein ulovleg utpost kalla Vest-Vet Bat Ayin.[5]
Innbyggjarar i Bat Ayin har fleire gonger vore mistenkte for terrorhandlingar med båte åtak mot arabarar og planar om å angripe israelske politikarar, i tillegg til planar om å sprenge moskear, som dei på Tempelhøgda. Det er blitt gjort arrestasjonar, men alle mistenkte er blitt sleppte fri att på grunn av bevismangel.[6]