Be'er Tuvia regionale kommune | |||
מועצה אזורית באר טוביה | |||
regional kommune | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | 31°46′N 34°43′E / 31.767°N 34.717°E | ||
Areal | 140 km² | ||
Folketal | 18 600 (2009) | ||
Folketettleik | 133 / km² | ||
Borgarmeister | Dror Shor | ||
Be'er Tuvia regionale kommune 31°46′00″N 34°43′00″E / 31.766666666667°N 34.716666666667°E | |||
Kart som viser Be'er Tuvia regionale kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Be'er Tuvia Regional Council | |||
Nettstad: Offisiell nettstad |
Be'er Tuvia regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית באר טוביה, Mo'atza Azorit Be'er Tovia) er ein regional kommune sør på kystsletta i Israel.
Han grensar til Yoav og Nahal Sorek regionale kommune i aust, Hof Ashkelon regional kommune, Middelhavet, byen Ashdod og Gan Yavne lokale kommune i vest; Gederot, Hevel Yavne regionale kommune og Gedera, Bnei Aish lokale kommune i nord og Shafir regional kommune i sør. Byen Kiryat Malakhi ligg som ein enklave i midten av kommunen.
Be'er Tuvia vart ein regional kommune i 1950. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå har den regionale kommunen eit folketal på 18 600.
Det er 23 busetnader i kommunen, inkludert nitten moshavar, ein kibbutz, ein fellesbusetnad, ein ungdomslandsby og eit tenestesenter.