Bealey River Bealey River | |||
elv | |||
Bealey renn gjennom busetnaden Arthur's Pass Village.
| |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Bealey River 43°00′13″S 171°35′37″E / 43.0035°S 171.5937°E | |||
Wikimedia Commons: Bealey River |
Bealey-elva er ei lita elv i Søralpane på New Zealand[1]. Ho er ei sideelv til Waimakariri River. Dalen ho renn gjennom dannar den austlege delen til fjellpasset Arthur's Pass. Elva og Bealey-busetnaden har fått namn etter Samuel Bealey, ein kvegfarmar og superintendent i Canterbury Province på 1800-talet.
I den første halvdelen av 1900-talet dumpa det newzealandske jarnvegsverket utrangerte lokomotiv og jarnvegsvogner i elva for å stabilisera elvebreiddene og hindra erosjon. Nokre av desse lokomotiva og vognene er tekne opp att av historisk intereserte grupper som har som mål å få dei attende i køyrbar stand.[2]