Bchamoun | |||
بشامون | |||
landsby | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Aley distrikt | ||
Koordinatar | 33°46′55″N 35°31′52″E / 33.781936°N 35.531131°E | ||
Folketal | 15 000 | ||
Bechamoun 33°46′55″N 35°31′52″E / 33.781936111111°N 35.531130555556°E | |||
Kart som viser Bechamoun.
| |||
Wikimedia Commons: Bechamoun |
Bchamoun er ein landsby i Aley distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon. Han ligg frå 40 til 580 meter over havet, 12 km frå flyplassen og Beirut. Bechamoun har kring 15 000 innbyggjarar.
Han var den første landsbyen som heiste det libanesiske flagget etter sjølvstendet til Libanon.
Det vart oppdaga ein arkeologisk funnstad 6 km aust for Khalde av V. Hankey i 1963. Det vart funne fleire potteskår attende til tidleg bronsealder av Maurice Dunand. Av keramikk vart det funne eit skår av ein sylinder med mønster av marsjering, geiter og løver som minna om figurar sett Byblos, Megiddo og andre palestinske og syriske stader frå tidleg bronsealder. Liknande funn vart oppdaga ved Jaita I, Kaffer Jarra Roueisse, Nahr Damour, Aramoun og Khallet-el-Khazen.[1]