Been to Canaan Singel av Carole King frå albumet Rhymes & Reasons | ||
B-side |
Bitter with the Sweet | |
---|---|---|
Utgjeve | November 1972 | |
Sjanger | pop | |
Lengd | 3:38 | |
Selskap | Ode | |
Låtskrivar(ar) | Carole King | |
Produsent | Lou Adler | |
Carole King-kronologi | ||
«Sweet Seasons» (1972) |
Been to Canaan | «Believe in Humanity» (1973)
|
«Been to Canaan» er ein song skriven av Carole King og gjeven ut i 1972 på albumet hennar Rhymes & Reasons. Han kom ut som den første singelen frå albumet og nådde 24. plassen på Billboard Hot 100 i januar 1973, og var den andre av King sine fire singlar som gjekk til topps på Easy Listening-lista. Singelen nådde òg 20. plassen på Cashbox-lista.[1]
Cash Box skildra han som «ein herleg MOR/Pop-smash.»[2]