Beinn a' Ghlò

Beinn a’ Ghlò
Slørfjellet
Munro, marilyn
Bràigh Coire Chruinn-bhalgain (venstre) og Càrn nan Gabhar (høgre) sett frå Càrn Liath.
Land  Skottland
Fjellkjede Grampians
Topp Perthshire
 •  høgd 1 129 moh.
 •  Primærfaktor 665 m
Kart
Beinn a' Ghlò
56°50′23″N 3°41′41″W / 56.839672°N 3.694609°W / 56.839672; -3.694609
Wikimedia Commons: Beinn a' Ghlò

Beinn a’ Ghlò er eit fjell i Skottland om lag 10 km nordaust for Blair Atholl i skogen Atholl mellom Glen Tilt og Glen Loch. Det er ein stor og kompleks ås med mange ryggar, toppar og dalbotnar som dekkjer om lag 40 kvadratkilometer med tre munroar. Desse er Càrn Liath på 975 moh, Bràigh Coire Chruinn-bhalgain på 1070 moh og Càrn nan Gabhar på 1129 moh. Det ligg fleire steinurer i fjellsida.

Beinn a' Ghlò har så variert planteliv at det har status som SSSI og SAC over eit område på 80 kvadratkilometer.