Beit Arif | |||
בֵּית עָרִיף | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Hevel Modi'in | ||
Koordinatar | 31°59′40.92″N 34°55′59.88″E / 31.9947000°N 34.9333000°E | ||
Areal | 1,6 km² | ||
Folketal | 1 174 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
• Grunnlagd av | Bulgarske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Beit Arif 31°59′41″N 34°56′00″E / 31.994722222222°N 34.933333333333°E | |||
Kart som viser Beit Arif.
|
Beit Arif (hebraisk skrift בֵּית עָרִיף, tyder Sky-huset) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Shoham og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 724.
Moshaven vart grunnlagd i 1949 av immigrantar frå Bulgaria i ruinane etter den fråflytta arabiske landsbyen Dayr Tarif.[2] Han heitte opphavleg Ahlama (hebraisk skrift אחלמה) (Andre mosebok 28:19), etter ein av dei tolv steinane i Hoshen, den heilage brystplata som den jødiske høgstepresten hadde på seg. Tre andre nærliggande busetnader, Bareket, Shoham og Nofekh, er òg kalla opp etter desse steinane.
Tidleg i 1950-åra kom immigrantar frå Jemen til området, og bygde hus kring ein halv kilometer unna. Etter usemje mellom dei to gruppene, flytta dei opphavlege innbyggjarane til Ginaton (ein moshav som òg vart grunnlagd av bulgarske immigrantar) i 1953.[3]