Beit Hanania

Beit Hanania
kibbutz
Land  Israel
Region Karmelberget
Distrikt Haifa distrikt
Kommune Hof HaCarmel
Koordinatar 32°31′43.67″N 34°55′36.11″E / 32.5287972°N 34.9266972°E / 32.5287972; 34.9266972
Folketal 907 (2019)[1]
Grunnlagd 1950
 •  Grunnlagd av PICA og austeuropeiske emigrantar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Beit Hanania
32°31′44″N 34°55′36″E / 32.528797222222°N 34.926697222222°E / 32.528797222222; 34.926697222222
Kart som viser Beit Hanania.
Kart som viser Beit Hanania.
Kart som viser Beit Hanania.
Wikimedia Commons: Beit Hanania

Beit Hanania (hebraisk skrift בֵּית חֲנַנְיָה, tyder 'Hananiahuset') er ein moshav nord i Israel. Han ligg like sør for Karmelberget nær Zikhron Ya'akov og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 687.

Moshaven vart grunnlagd i 1950 av Palestina Jewish Colonization Association (PICA) og emigrantar frå Aust-Europa. Han vart kalla opp etter Hanania Gottlib, ein leiar i PICA.

Israel nasjonalsti går gjennom moshaven. Ein akvedukt bygd i tida til Hadrian ligg ved inngangen til landsbyen, medan Taninimelva naturreservat ligg i nærleiken. Taninimelva flyt gjennom parken, som er kalla opp etter alligatorar (hebraisk skrift תנינים, Taninim) som fram til byrjinga av 1900-talet heldt til i den nærliggande Cabra-sumpen.