Beit Keshet | |||
landsby | |||
Trehytta til den tidlegare israelske presidenten Yitzhak Ben-Zvi i Beit Keshet.
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Nedre Galilea | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Koordinatar | 32°43′6″N 35°23′40″E / 32.71833°N 35.39444°E | ||
Folketal | 710 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1944 | ||
• Grunnlagd av | HaNoar HaOved-rørsla | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Beit Keshet 32°43′06″N 35°23′40″E / 32.718333333333°N 35.394444444444°E | |||
Kart som viser Beit Keshet.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Keshet |
Beit Keshet (hebraisk בֵּית קֶשֶׁת, tyder Bogehuset) er ein kibbutz i Nedre Galilea i Israel som høyrer til Nedre Galilea regionale kommune.
Beit Keshet vart grunnlagd i 1944 av ungdommar i HaNoar HaOved, som fekk opplæring ved Kfar Tavor jordbruksskule.[2] Under grunnlegginga av kibbutzen, slo ei gruppe emigrantar som var ein del av ungdomsrørsla HaMahanot HaOlim og ferdigutdanna ungdommar frå Kadoorie jordbruksskule kibbutzen. I følgje Jewish National Fund tente meir enn halvparten av den første gruppa i dei jødiske styrkane under andre verdskrigen.[2]
I 1947 hadde Beit Keshet eit folketal på over 100. Under den israelsk-arabiske krigen i 1948 prøvde libanesiske og syriske soldatar å erobre Bet Keshet og den nærliggande Sejera i kampar som Jewish National Fund kalla «harde».[2]
Namnet kjem frå 2. Samuelsbok 1:18 i Bibelen: «...og han baud at Juda-folket skulle læra denne klaga. Ho blir kalla «Bogen».», Det var ein referanse til slaga til Deborah, som skal ha budd i området.[3]