Ein trur at Beit Ummar er den bibelske landsbyen Maarath.[5] I følgje somme segner vart byen kalla opp etter den islamskekalifenUmar ibn al-Khattab fordi han visstnok ofte vitja byen. Mange av dei hovudsakleg muslimske innbyggjarane er etterkomarar etter arabiske kristne familiar og i gamlebyen er det fleire kristne ruinar.
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863 og estimerte at han hadde kring 450 innbyggjarar.[6]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Beit Ummar som «ein liten landsby som er lett synleg frå langt mot nord. Det går ein eldgammal veg gjennom han. Kring 1 km nordaust for landsbyen ligg ei god kjelde, ' Ain Kufin. Moskeen har eit lite tårn ved sidan av. Det kringliggande nabolaget er dekt med kratt.»[7]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Bait Ummar eit folketal på 829, alle muslimar,[8] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 1 135, framleis berre muslimar, i 217 busette hus.[9] I 1945 var folketalet i Beit Ummar 80 jødar og 1 600 arabarar, som eigde 30 129 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[10] 2 912 mål var plantasjar og irrigert land, 12 879 for korn,[11] medan 55 mål var utbygd (urbant) land.[12]
↑J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10.
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 93
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 143
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.