Beit Ur al-Fauqa | |||
بيت عور الفوقا, Bayt ’Ur al-Fauqa, Beit ’Ur al-Foqa | |||
kommune | |||
Namneopphav: Det øvre Ur-huset[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 31°53′09″N 35°06′51″E / 31.88583°N 35.11417°E | ||
Folketal | 864 (2007) | ||
Beit Ur al-Fauqa 31°53′09″N 35°06′51″E / 31.885833333333°N 35.114166666667°E | |||
Kart som viser Beit Ur al-Fauqa.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Ur al-Fauqa |
Beit Ur al-Fauqa (arabisk skrift بيت عور الفوقا) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, 14 km aust for Ramallah og 3 km søraust for Beit Ur al-Tahta. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han 864 innbyggjarar i 2007.[2]
Beit Ur al-Fauqa hra bevart delar av det originale kanaanittiske namnet på landsbyen,[3] og har blitt identifisert som staden Øvre Bethoron.[4] Arkeologiske funn indikerer at Nedre Bethoron (Beit Ur al-Tahta) vart grunnlagd før Øvre Bethoron; potteskar som er funne i Beit Ur al-Fauqa er dater frå jernalderen og framover, medan potteskar frå den nedre landsbyen er datert frå sein bronsealder.[3] Ein stor birkeh (dam) nordaust i landsby er hogd ut i berget.[5]
Hashmonarane stoppa hellenarane to gonger på veg mot Jerusalem i Øvre Bethoron. I eit tredje forsøk, klarte Bakkhides å slå hashemonane og bygge ei borg i dette strategiske passet.[6] Det var i dalane nær Bethoron at den 12. romerske legionen under Cestius Gallus vart øydelagd i 66 evt. i starten på det store jødiske opprøret.[7] Etter at det jødiske opprøret var over i 70 evt., bygde romarane ei festning i byen for å vakte over vegen inn til Jerusalem.[6] Seint i romartida og under austromarane, vart Beit Ur al-Fauqa mindre viktig og hadde blitt ein liten landsby på 400-talet.[8]
Landsbyen er blitt identifisert som Bethoron Superior eller Vetus Betor i krossfarartida. Dronning Melisende av Jerusalem gav landsbyen som eit len til Mar Saba. I 1165/64 vart han seld til prestane i Den heilage grav-kyrkja.[9][10] Ruinane av eit tårn, Al-Burj, i landsbyen er datert til denne tida.[10][11]
Ein arabisk inskripsjon med eit vers frå Koranen vart funnen i ruinane av ein steinstruktur i Beit Ur al-Fauqa, som Moshe Sharon meinte kom frå tida då ajjubidane herskar i Palestina.[8]
Beit Ur al-Fauqa vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelistene i 1596, var landsbyen oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 5 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, geiter og/eller bikubar.[12]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863, og han estimerte eit folketal på kring 150 innbyggjarar, og skildra omliggande hagar medoliventre. Han noterte òg ruinane av ei lita borg.[13] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Beit Ur Al Foka som «ein liten landsby bygd av stein på enden av utstikkar frå ei høgd. Lendet er særs bratt i vest. Vassforsyninga er kusntig, og i nord og sør ligg djupe dalar. Ein har flott utsyn mot vest, inkludert havet, slettene i Lydda og Ramleh, og delar av Ajalondalen.»[14]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Beit 'Ur al-Fuqa eit folketal på 147, alle muslimar.[15] Under folketeljinga i 1931 hadde Beit 'Ur al-Fauqa 47 busette hus og eit folketal på 173, framleis alle muslimar.[16]
I 1945 var folketalet 210, alle arabarar, medan det samla landarealet var 3 762 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[17] Av dette var 989 for plantasjar og irrigert land, 1 277 for korn,[18] medan 26 mål var klassifisert som utbygde område.[19]
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 og våpenkvileavtalen i 1949 var Beit Ur al-Fauqa under Jordan sitt styre.
Sidan seksdagarskrigen i 1967 har Beit Ur al-Fauqa vore under israelsk okkupasjon.