Beit Ur al-Tahta (arabisk بيت عور التحتى) er ein palestinsk landsby i Separasjonssonen sentralt på Vestbreidda, i Ramallah and Al-Bireh guvernement. Landsbyen ligg på staden til den bibelske Bethoron, på ein åstopp vendt mot Beit Ur al-Foqa. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Beit Ur at-Tahta eit folketal på 4 372 innbyggjarar i 2007.[2]
I januar 2001 vart det oppdaga ei gravgrotte i sørenden av landsbyen. Grotta bestod av to kammer og hadde ein boga inngang. Inne i grotta fann ein fleire keramikkbitar, eit kokekar, ein bolle og eit beger datert til slutten av tida kring Det andre tempelet (hundreåra kring år null).[3]
Vest for landsbyen ligg ruinane av eit kapell, truleg frå bysantinsk tid,[4] og her har ein òg funne keramikk frå same periode.[5] Staden vart nemnt på 1100-talet som eit len under Den heilage grav-kyrkja.[6]
I 1596 var landsbyen oppført i osmansk skattelister under namnet Bayt 'Ur as-Sufla og var ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 20 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, oliven, geiter og/eller bikubar.[7]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Beit 'Ur et Tahta som «ein mellomstor landsby på ei låg høgd med brunnar i vest. Midt i landsbyen ligg den heilage staden Neby 'Or, med palmetre på borggarden. Nær denne er ein brunn i gata.[6]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, Beit Ur al-Tahta eit folketal på 470, alle muslimar,[8] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 117 busette hus og eit folketal på 611, framleis alle muslimar.[9]
I 1945 var folketalet 710, alle arabarar, medan det samla landarealet var 4 619 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 2 045 for plantasjar og irrigert land, 1 780 for korn,[11] medan 41 mål var klassifisert som utbygde område.[12]
Beit Ur al-Tahta ligg i forberga nord på den sentrale Vestbreidda, 11,4 kilometer vest for Ramallah. Landsbyen ligg i snitt 390 meter over havet. I nærleiken ligg Kharbatha al-Misbah i sør, Beit Ur al-Fauqa i søraust, Beitunia i aust, Ein 'Arik og Deir Ibzi i nordaust, Kafr Ni'ma i nord, Bil'in i nordvest, Saffa i vest og Beit Sira i sørvest.[13] Det gamle senteret i Beit Ur al-Tahta ligg i sør i landsbyen, medan den nordlege delen er prega av vide terrassar med fleire arkeologiske funn.[14]
- Denne artikkelen bygger på «Beit Ur al-Tahta» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2015.
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
- Finkelstein, Israel; Lederman, Zvi (1997). Highlands of Many Cultures, The Southern Samaria Survey: The Sites. Institute of Archeology of Tel Aviv University Publications Section. ISBN 965-440-007-3.
- Guérin, Victor (1868). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 1. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Peleg, Yuval (2004): Beit ‘Ur et-Tahta Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine. Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 116.
- Socin, A. (1879). «Alphabetisches Verzeichniss von Ortschaften des Paschalik Jerusalem». Zeitschrift des Deutschen Palästina-Vereins 2: 135–163.
- ↑ Palmer, 1881, s. 287
- ↑ 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.114.
- ↑ Excavation and Surveys in Israel: Israel Antiquities Authority, arkivert frå originalen 18. mai 2013, henta 22. september 2015
- ↑ Conder and Kichener, 1883, s. 86
- ↑ Dauphin, 1998, s. 839.
- ↑ 6,0 6,1 Conder og Kitchener, 1883, s. 17
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 117.
- ↑ Barron, 1923, Table VII, Underdistrikt of Ramleh
- ↑ Mills, 1932, s. 47.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161
- ↑ Beit ‘Ur at Tahta Village Profile. Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ). 2012.
- ↑ Finkelstein and Lederman, 1997, s. 161.