Belledonne | |||
fjellkjede | |||
Dei tre største toppane i Belledonne, sett frå nordvest.
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dauphiné-Alpane | ||
Høgd | Grand Pic de Belledonne: 2 977 moh moh. | ||
Koordinatar | 45°03′N 05°48′E / 45.050°N 5.800°E | ||
Belledonne 45°10′00″N 6°00′00″E / 45.166666666667°N 6°E | |||
Wikimedia Commons: Chaîne de Belledonne |
Belledonne (fransk La chaine de Belledonne) er ei fjellkjede i Dauphiné-Alpane i Dei franske Alpane. Den sørlege enden av kjeda dannar austveggen i fjellet rundt byen Grenoble.
Frå Grenoble og skiområda rundt har ein eit praktfullt utsyn mot fjellkjeda.
Fjellkjeda er om lag 60 km lang og 10 km brei, og går frå om lag 16 km søraust for Grenoble og nordaustover til området nær byen Aiguebelle. Det høgaste punktet er Grand Pic de Belledonne på 2 977 m.
Rundt fjellkjeda ligg dalane Grèsivaudan (der elva Isère renn gjennom) i vest, Arcdalen i nord og Romanchedalen i sør. Fjellkjeda har minst 16 toppar over 2 500 meter, 10 isbrear og 26 alpine innsjøar. Den høgaste av desse ligg 2 400 meter over havet.
Fjellkjeda er delt inn i fleire geologiske område: Grand Arc, Lauzière, Sept-Laux, Belledonne og Taillefer [1]
Eit kjenneteikn i fjellkjeda er Belledonne-balkongen (fransk: Le Balcon de Belledonne) som er eit 30 km langt platå på vestsida av fjellkjeda. Smeltevatn frå isbreane renn over platået i elvar som har erodert ut smale kløfter. Platået har lenge vore nyta som beitemark for kyr, i tillegg til andre jordbruksaktivitetar.
Opphavet til namnet er ikkje klart. «Belle donne» tyder «vakker kvinne» på italiensk, men tyder ikkje dette på oksitansk, som er det gamle språket i området, og som mest sannsynleg er kjelda til namnet. Frå ein viss vinkel ser derimot den høgaste toppen, Grand Pic du Belledonne ut som ei kvinne som held eit barn.
I desse fjella kan ein finne murmeldyr, gemse, steinbukk og tiur. Rapportar tyder på at det òg har vore ulv her sidan 1998.