Bentein Baardson | |||
Fødd | 6. november 1953 (71 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York by | ||
Verka som | skodespelar, teaterskodespelar, filmregissør, sceneinstruktør | ||
Prisar | Aust-Agder fylkeskulturpris, riddar av St. Olavs Orden, Per Aabels ærespris, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, kommandør med stjerne av St. Olavs Orden |
Bentein Baardson (fødd 6. november 1953) er ein norsk skodespelar og regissør.
Bentein Baardson vart fødd i New York, og voks opp i Kristiansand.[1] Han vart uteksaminert ved Teaterhøgskolen i 1973.[2] Han har hatt både skodespelarjobbar og regioppdrag på dei fleste norske scenene. Han har vore teatersjef ved Rogaland Teater (1986–1989), Agder Teater (1991–1994) og Den Nationale Scene (1998–2001), og kunstnarisk leiar ved Teater Ibsen 2008–2010. Frå 2010 til 2015 var han direktør ved Kilden Teater (tidlegare Agder).[1] Han var kunstnarisk leiar for opnings- og avslutningsseremonien ved Vinter-OL på Lillehammer i 1994.[2]
Bentein Baardson er medlem av Det Norske Akademi (frå 1987). Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 2000. Kongen forfremma 8. oktober 2008 Baardson til kommandør med stjerne for innsatsen for norsk kulturliv.[3] Han er riddar av den franske Ordenen for kunst og litteratur.[4]