Berghumle | |
Dronning av berghumle på gullris. Frå Munkvoll i Oppdal. Foto: Åslaug Viken
| |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Årevenger Hymenoptera |
Familie: | Langtungebier Apidae |
Slekt: | Humler Bombus |
Art: | Berghumle B. monticola |
Vitskapleg namn | |
Bombus monticola |
Berghumle (Bombus monticola) er ei humle som lever i fjellet og i fjellskogen. Ho dominerer i lågalpin sone der ho ofte er den vanlegaste humlearten. Ho kan av og til finnast i låglandet, særskilt om våren og tidleg på sumaren.[2] Berghumla er særs vanskeleg å skilja frå lapphumler som ikkje har gule hår på bakkroppen.
Berghumla finst i Fennoskandia og austover til Kolahalvøya, i Storbritannia, Alpane, Pyreneane, i Italia og på Balkan. Utbreiinga i Noreg er dårleg kjend, men DNA-strekkoding tyder at ho er vanleg i heile fjellkjeda frå Hardangervidda i sør til Pasvik og Lakselv i nord.