Bergljot Cecilie Webster | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. februar 1966 (58 år) Oslo |
Yrke | Høgsterettsdommar |
Far | Reidar Webster |
Bergljot Cecilie Webster (fødd 16. februar 1966) i Oslo, er ein norsk jurist, dommar i Noregs Høgsterett. Ho tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1992. Ho er dotter til tidlegare riksmeklingsmann Reidar Webster.
Bergljot Webster har tidlegare arbeidd som advokat hos Regjeringsadvokaten og hos Nordisk Skibsrederforening. Ho blei advokat med møterett for Høgsterett i 1999. Frå 2004 til 2005 var ho partner i advokatfirmaet Sørlie Wilhelmsen ANS. Frå 2006 var ho advokat og partner i advokatfirmaet Hjort DA. Ho blei utnemnd til høgsterettsdommar den 31. oktober 2008. Ho tiltredde i Høgsterett 15. august 2009.