Bergsøy Idrettslag er eit idrettslag frå Fosnavåg i Herøy på Sunnmøre som blei stifta i 1944. Laget er aktivt i fotball, friidrett og handball. Bergsøy IL sin klubbfargar er raudt og kvitt.
Fotballaget til Bergsøy vann 3. divisjon Møre i 1980 med Skarbøvik IF og Aalesunds Fotballklubb på dei neste plassane. Bergsøy var det einaste laget frå Sunnmøre som spelte i 2. divisjon i 1981-sesongen, men enda på 12. og sisteplass i B-avdelinga.