Berit Berthelsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. april 1944 Nittedal kommune |
Død |
13. februar 2022 (77 år) |
Yrke | friidrettsutøvar |
Språk | norsk |
Høgd | 171 centimeter |
Ektefelle | Roar Berthelsen |
Berit Berthelsen (fødd Tøien) (25. april 1944–13. februar 2022) var ein norsk tidlegare friidrettsutøvar. Ho var den leiande på sprintdistansane og i lengdehopp i Norden på 1960-talet. Under nordisk meisterskap i 1965 vann ho fem gullmedaljar (100 m, 200 m, 400 m, lengdehopp og 4 x 100 m stafett). Hennar fremste enkeltprestasjon var bronsemedaljen i lengdehopp under europameisterskapen i 1969. I norske meisterskap på bane vann ho i alt 31 gullmedaljar. Fire gongar vart Berthelsen tildelt kongepokalen. Ho var medlem av Hakadal IL fram til 1965, sidan IL Tyrving. Berthelsen budde i Bærum.
Berit Tøien markerte seg første gongen under noregsmeisterskapen 1960 i Sarpsborg. Der vann ho, 16 år gammal, sølvmedalje i lengehopp med eit hopp på 5,28 m. Året etter hoppa ho 5,62 m under noregsmeisterskapen i Bergen, men vart atter vist til sølvplass. Ei anna talentfull idrettsjente, Oddrun Lange (Hokland) vann tevlinga (og kongepokalen) med resultatet 5,81 m. Tøien fekk elles med seg ein bronsemedalje på 200 m frå meisterskapen i Bergen. Sine første NM-gull vann ho i 1962 i Drammen. Her vann ho både 100 m, 200 m og lengdehopp. Ved noregsmeisterskapen 1963 vann ho for eit lengdehopp på 5,92 m sin første kongepokal. Same sesongen vart ho den første norske (og nordiske) kvinna som hoppa over 6 m i lengde.
Frå 1964 høyrde Berit Berthelsen, ho gifta seg på slutten av året med lengdehopparen Roar Berthelsen, med i verdseliten i lengdehopp. Ho vart norsk meister og kongepokalvinnar med eit hopp på 6,39 m. Under sommar-OL i Tokyo nådde ho ikkje opp mot sitt beste og vart nummer ni.
I 1965 vann Berthelsen dei fire individuelle øvingane ho stilte opp i under nordisk meisterskap i Helsingfors, og var så med å springe det norske stafettlaget inn til siger. Sesongen 1966 vart ho nummer seks i finalen på 400 m under europameisterskapen på tida 54,1, hennar aller snøggaste 400 m. Ho var då på sitt aller beste i sprintløp, for alle hennar personlege rekordar på 100 m, 200 m og 400 m vart sett i 1966.
10. september 1968 forbetra ho sin norske lengderekord til 6,56 m under eit stemne på Bislett stadion. Ho klarte ikkje heilt å nå same lengdene i hoppegropa under OL ein månad seinare, og vart nummer sju.
Berthelsen vann heile fem gullmedaljar under noregsmeisterskapen 1969 i Fana; på 100 m, 200, 400 m, lengdehopp og så den då nye øvinga 100 m hekk (tidlegare 80 m hekk). Under EM i Athen i september 1969 stod ho for det som må haldast for hennar beste tevlingsprestasjon. Med eit bestehopp på 6,44 m vann ho bronsemedaljen i lengdehopp. Ho var berre fem centimeter bak vinnaren Mirosława Sarna frå Polen.
Berthelsen var aktiv fram til 1974, men på 1970-talet låg ho på eit lågare resultatnivå enn tidlegare. I lengdetevlingane hoppa ho noko i overkant av 6 m. Sitt siste NM-gull vann ho i 1974 med eit hopp på 6,09 m.
Dessutan fire gongar norsk meister i 1000/1500 m terrengløp.
Ho vann innandørs-EM i lengdehopp i 1967 og 1968 (tevlingar med låge deltakartal, samanlikna med utandørsmeisterskap).
Berthelsen sette og forbetra norske rekordar 33 gonger. Lengderekorden frå 1968 på 6,56 m var norsk rekord fram til 1. august 2009 då Margrethe Renstrøm hoppa 6,64 m.
I 1965 vart Berit Berthelsen tildelt Morgenbladets Gullmedalje.
Berthelsen var norsk flaggberar i sommar-OL 1968 i Mexico by.